Aldri dumt å basera sitt syn på fakta.
Av og til høyrer me haringar sei at “ja, det skulle ha vorte ramaskrik om desse monstermastene vart bestemt til Nordmarka!”
Kunnskapsløysa er grenselaus, det er vel ikkje fleire monstermaster enn på veg inn til Oslo,
korleis skal dei ellers få inn straumen frå Hallingdal og 10 andre stader?
Ikkje berre går desse linjene gjennom Nordmarka; dei endar opp midt i Oslo;
her frå beste vest; Kirkvåg’s berømte Montebello!
Etter Norway Cup veka tok eg dette biletet, ei monstermast midt i eit burettslag!
La oss for all del sei ja til ei Hardangerbru uten meir enn marginal betydning, nei til å spara
milliardar på luftspenn, ja til fleire lokale tunellar mens me går framfor Stortinget under parolen
“Leve Hardanger, til helvete med Hordaland Fylkeskommune og Noreg”
Og fann me ikkje monstermaster midt i villastrøk også!
Me utviklar ein stønads- og sutrekultur i Hardanger, noko som er øydeleggjande for å byggja framtid.
Det ansvarlege politikarar skulle ha spurt oss var: Vil de ha Hardangerbru eller rassikring
i Tyssedal (eller andre stader)?
Kulturen vår er: Ja takk til begge deler.
Samt sjøkabel! Kva nytte har vel ME av at Bergensregionen får sikra sin energitilførsel?
Kommentarar
Ser turistane dette Monsterinngrepet i Osa på veg til Eidfjord? Neppe.
Uansett, mange hevdar dette er eit uakseptabelt inngrep!
Dette derimot er eit akseptabelt inngrep:
Brukaret i 90 meters høgde- snart halveis oppe no!