Annonse
Hardangerfolk

Stemningsfull konsert med Elvira og Einar

Einar Stokke Fadne

I kveld var det konsert med Elvira og Einar på Merieriet.

Konserten var stemningsfull og fin og overraskande mange oddingar hadde teke turen. Sjølv oppfatta eg at meldinga om konserten kom ganske seint, men heldigvis var det god omtale med presise fakta i kalendaren her på Hardangerfolk. Eg trur det må til, for at ein arrangør skal nå sitt publikum. Godt jobba!

Elvira Nikolaisen har skrive fleire gode melodiar og syng godt med sin mørke stemme. Einar Stokke Fadnes er jo Fadnes-gut og odding. Han vokalist og gitarist i Jim Stërk og syng på ein prikk likt som vokalen på platene deira. Den største musikalske overraskinga var likevel gitaristen Trond Mjøen. Han spelte fortryllande gitar på ein måte kanskje få kan gjer etter han.

Livepro (Odda Lyd) leverte god lyd. Som Halvard sjølv sa det; Det er kjekt med litt High Fidelity :-) Eg er såfall veldig godt nøgd med lydkvaliteten. Der er faktisk Odda unikt god!

Absolutt vert å koma seg ut for, ein vinterkveld midt i veka :-)
Her er foresten mine bilete frå kvelden:

Vist 176 gonger. Følgt av 1 person.

Hardangerfolk

Følgt av 1236 medlemmar.

Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde.

Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden.

[Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona
Origo Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir