La oss feire 1000 medlemmer
Det er all grunn til å feire. Hardangerfolk har runda 1000 medlemmer, og har blitt den digitale møtestaden vi håpte den skulle bli for to år sidan då vi starta opp lokalsona. Eg har lovt bort ein alldeles liten kavalkade, og finn dagen i dag, siste dagen i det digitale, nysprengande tiåret, svært passande.
Hardangerfolk 10. desember 2007: HF hadde fått oppretta eiga lokalsone, vi i HF hadde tatt runden på kva namn vi skulle ha, laga eit banner med elg (kvifor elg? lurer du kanskje på), hadde 10 medlemmer og var klar for debatt. Kjør debatt!, skreiv eg og håpte det ville gjera susen. Målsettinga var å få 200 folk frå Hardanger til å melde seg inn i løpet av 2008. Etter to månader kunne vi skrive om Folkvord som medlem 187 og første ordførar på Hardangerfolk. Folk skreiv så mange interessante innlegg, tok så mange gode bilde og preika så bra saman, at eg kom heim til ei alldeles strålande telefonrekning etter to veker på telefonsurfing på Hardangerfolk frå stranda i Thailand. Vi klarte altså sakte, men sikkert, å byggja opp Hardangerfolk til å bli ein bra stad for debatt. Det viktigaste erfaringane etter to år og 1000 medlemmer, er at det er ikkje berre å seie kjør debatt og tru at det er det. Ein må vera til stades og delta. Gi litt sjølv, og få enda meir tilbake. Folk spør meg no, er det noko liv på Hardangerfolk no då? Er det ikkje berre krangling? Eg meiner ikkje det, det er framleis mykje godt her, men når folk ikkje tenker seg om og bruker Hardangerfolk og andre soner til å alltid klaga, alltid sutra og aldri bidra med noko positivit og konstruktivt, må dei få beskjed om å roa seg litt ned. Kjekkast har det vore når engasjementet til Hardingane på nettet har samspelt med papiravisa, når vi har diskutert på Hardangerfolk og laga journalistikk på det i Hardanger Folkeblad. Det trur eg også er ei god oppskrift for framtidig bruk av Hardangerfolk. Kavalkadar treng oppsummeringar. Etter to år er det dette eg hugsar best:
Hiv deg gjerne på med eigne beste minner frå dei første to åra til Hardangerfolk. Hugsar du ein djevelsk bra kommentar, bilde eller innlegg? Har eg gått glipp av noko? La meg seie som eg sa i desember 2007: kjør debatt!
Vist 382 gonger. Følgt av 3 personar. Hardangerfolk
Følgt av 1236 medlemmar.
Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde. Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden. [Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
…gledelig gjennsyn med noen “gamle” saker.