Odda Kommunestyre går i mot tidligare barnehjemsbarn?Torsdag 25. februar skal Odda Kommunestyre behandle innstilling frå rådmannen som omfattar 6 tidligare barnehjemsbarn fra Odda som har søkt Kommunen om erstatning og oppreisning for tapt barndom, ved å bli utplassert på blant anna barnehjem og spesialskular. Undertegna sitter idag på kopi av dokumenter datert tilbake til 1964, signert leiar for Odda Barnevernsnemd. Sågar prøvde barnevernsnemda å plassera undertegnede på eldreheim i Kvam. Det vert då direkte feilinformasjon frå rådmann overfor Kommunestyre å hevde at barnevernet ikkje hadde omsorgen! I august 2009 stod undertegna fram i eit intervju med journalist Svein Knutsen i HF, " Ett år i skrekkens hus". Odda barnevernsnemd tok frå undertegna 5 år av barndommen. Kor vidt mi historie har gjort noko inntrykk på Odda Kommunestyre, veit eg ikkje, men det har vore mykje varmande støtte frå Oddasamfunnet i etterkant. Då denne saka vart behandla i Odda formannskap nyleg, var det kun Venstre, Raudt og Nye Odda som støtta saka vår. 3 mot 6 stemmer. Til dei andre representantane i Kommunestyre som også skal stemma over instillinga på torsdag fk. vil eg seie: TENK DERE OM MINST 1 GANG TIL!. Her handlar det om menneskeskjebner som har fått liva sine øydelagt, kanskje for all framtid. Vi forlangar ikkje at Odda Kommunestyre fullt ut skal forstå kva dette har gjort med oss i alle desse åra i etterkant. Men vi forlangar å bli behandla med respekt av våre lokale folkevalgte! Måten å visa dette på, er å støtta mindretalet torsdag 25. februar LUKKE TIL! TAKK TIL VENSTRE, RAUDT OG NYE ODDA FOR AT DERE STØTTA OSS!! Med vennleg helsing
Vist 175 gonger. Følgt av 2 personar. Hardangerfolk
Følgt av 1236 medlemmar.
Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde. Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden. [Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Les om saken på NRK Hordaland HER
(faksimile fra nrk.no/hordaland)