Hardanger Folkeblad på nett – ein politilogg?Som utflytta, er det ikkje sjeldan eg tek turen innom HF si nettside om eg skal få ein oppdatering om hendingar i heimtraktene. Skuffande nok er det vekene gjennom i all hovudsak det polisiære, og då i særskild grad UP, som får spalteplass på verdsveven. Er HF sin nettredaksjon ein politiradio? Tenk deg dette: du ringer heim til slekta i Hardanger og spør om det hadde skjedd noko særskilt i det siste, og svaret du fekk var: – no skal du høyre: ”Mann teken med dårlege piggdekk på Vintertun”, ”kvinne utan bilbelte på Bleie”, ”ungdomar spelte høg musikk i bilen medan dei kjørte rundt på Ragde”, ”eldre dame braut vikepliktsregelen” og ”ingen køyrde for fort på Grimo”. Sjølv om overskritene over er fiktive, er dei ikkje langt frå sanninga. Eg har ein stikkande mistanke om at det må vere andre, og meir interessante, nyhende å publisera frå Hardanger? Finst det verkeleg ikkje fleire saker kor temaet ikkje er eit lovbrot eller at politet har ein kontroll for å sjå etter lovbrot? Eg skal ikkje påstå at eg representerer den store gjennomsnittlege HF-nettavislesarbasen, og for alt eg veit ligg det folk rundt om i Hardanger og drøymer om fleire nyhende frå Hardanger Politikammer. Men skulle eg gissa, ville eg trudd at UP-nyhenda knapt var interessante for politiet sjølv. Eg utfordrer HF med dette til ei veke utan trafikk-kontroll-nytt. For alt ein veit, kanskje ville andre nyhende fått fleire lesarar til å fylgje nettavisa?
Vist 341 gonger. Følgt av 4 personar. Hardangerfolk
Følgt av 1236 medlemmar.
Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde. Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden. [Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Eg er ein engasjert lesar av nettavise til HF og heilt ueinig! :-)
Mindre stoff gjev ikkje plass til meir stoff.
Ei nettavis har plass til veldig mykje innhald, men eg ser problemet med tida til journalisten. Å koma seg ut der ting skjer, få sjekka alle fakta og formulert artikkelen godt, tek mykje tid. Prøv sjølv! Hardangerfolk tar meir enn gjerne imot lesar-artiklar om ulike ting.
Eg har såfall forståing for at lokalavisa med avgrensa ressursar lagar enkle saker basert på fakta som politiet gjev. Då blir det faktisk fleire saker, og meir å lesa for oss andre.
Om du ikkje bur i Odda og kan skaffa informasjon om saker, så kan du kanskje utfordra nokon av oss som bur her til å koma med informasjon om kva som fann stad i konkrete hendingar? Spør og grav om nokon av oss kan leggja ut bilete frå hendingar som lokalavisa ikkje rakk over, og skryt av oss – då kan det henda vi gjer meir ;-)
Der traff du spikaren på hovudet, Christian! Eg deler same oppfatning som deg. I papirutgåva er det jo ikkje på langt nær same mengd politinytt som på nettsidene. Ofte synes eg det berre dreier seg om fartskontrollar og resultat frå Korlevoll IL. Dersom årsaken er manglande ressursar, er jo det synd. Hvis ikkje meiner eg det er rom for betring.