
I Ulvik 1. mai vert det storfint besøk av hardingfelespelarar, vener, musikarar, slekt og poetar. Dei kjem for å markere at det i år er 150 år sidan kunstmålaren og hardingfelespelaren Lars Osa og 100 år sidan sonen den best kjende hardingfelespelaren i forrige århundret Sigbjørn Bernhoft Osa vart fødd i Ulvik i Hardanger.
Liv Bernhoft Osa vil saman med pianisten Geir Botnen og den nyleg platedebuterande ulvikjenta Annlaug Børsheim med kunstnarskap jubilera over kunstnarskapen til far og bestefar til Liv. Dette vil foregå i Ulvik kyrkje som bestefaren, Lars Osa, dekorera i 1923.
Dei to største nolevande hardangerkunstnarane Jon Fosse og Knut Hamre skal opptre saman der Jon les eige materiale og Knut har tonefylgje på hardingfele. Knut Buen kjem og spelar teleslåttar, men han vil også fortelje gode historiar om venen Sigbjørn Bernhoft Osa. Buen har med seg Jackie Leven som er ein skotsk folkartist. Desse to kunstnarane opptrådde saman for fyrste gong på Kongsberg Jazzfestival i fjor og kjem til å gjere noko saman og kvar for seg.
Den fyrste musikalske leiaren for Ole Bull Akademiet og kanskje den største foregangsmannen på hardingfele i dag, Nils Økland skal ha solistkonsert. Daniel Sandén-Warg frå Sverige/Setesdal har spela hardingfele på nærare ein million selde plater gjennom å ha spela på alle utgjevingane til noregs mestseljande artist dei siste 6 åra, Odd Nordstoga. Frå Japan kjem Rio Yamase, profesjonell hardingfelespelar i Tokyo. Sallaren frå Sørfjorden skal framføra nokre av skjemte- og skillingsvisene med bassrøysta si på klingande hardingmaol. Hardangerspelmennene Alexander Røynstrand med Marie Tveiten, Frank Rolland og Annlaug Børsheim skal ha eigne konsertar. Annlaug har med seg band beståande av Erlend Styve (Kvarts), Øystein Lydvo (Good Time Charlie) og Kåre Opheim (Real Ones). Frå Øvre-Ål kjem Stein Torleif Bjella som i år var nominera til to Spellemannprisen som fjorårets beste tekstforfattar og i kategorien viser med debutalbumet ”Heidersmenn”. I bandet har han med seg to ferske Spellemannprisvinnarar i Kjartan Kristiansen som var den som fekk prisen som beste tekstforfattar med DumDum Boys og Olav Luksengård Mjelva som med albumet ”Fele/hardingfele, Røros/Hallingdal” fekk prisen innan folkemusikk. Dramaturg frå Det Norske Teatret med opphav i Ulvik, Ola E. Bø, skal halda tale om Sigbjørn og Lars. Den som skal sy dette saman er folkemusikaren Lajla Renate Buer Storli som konferansier.
Det er også under planlegging konsert 2. mai og 3. mai skal Hardanger Juniorspelemannslag med gjester ha markering i ungdomshuset Elvatun i Ulvik.
www.hardingfolk.no
Kommentarar
Kjempebra. Konserten med Jackie Leven og Knut Buen er ikke noe du opplever hver dag. Verd hver eneste krone.