Annonse
Hardangerfolk

Takk RaudGrøne for kraftlinja de påførde oss

Innlegget “Mest viktig for Hardanger er Stortinget”
http://hardangervalgtenkpanestegenerasjon.origo.no/-/bulletin/show/402803_hardangervalg-v-mest-viktig-for-hardanger-er-stortinget

prøvde å peika på at uansett kva som skjer lokalt så er det sentrale rammevilkår som er mest viktig for og styrande av lokale samfunn. Samtidig som offensive lokalsamfunn klarer seg mykje betre enn navlebeskuande stå-på-krava samfunn. Voss i forhold til Odda illustrerar dette godt.

Det har vore ført ein slett og direkte ansvarslaus politikk seinare år. Alle “korrekte” formål har fått midlar, noko som toppa seg i valgåret 2009.

Me har vore forleda til å tru at valget stod mellom skattelette til dei rike eller eldreomsorg. Eit år seinare er det realitetane som gjeld. På eit lite år har dei gått frå Både Og
til
Enten / eller.
Kva skjedde i prosessen frå valgflesk til kvardag?

Realitetane melde seg. Ein ser slutten av oljealderen og dei tenkte at det ikkje er moralsk å overlata eit konkursbu til komande generasjon. Ordet PRIORITERING måtte turkast støv av og det er ikkje gitt at det lenger kan prioriterast ein milliard på heving av ubåtvrak. Eller ein milliard til å byggja bru for 400 bilar over ein fjord. Eller som på Senterpartiet sitt siste landsmøte: Å spandera 5 mill kroner på ei kraftlinje til ein avsidesliggjande fjellgard.

I noverande situasjon er eg FOR kraftlinje over Hardangerfjorden. Fordi me ikkje lenger har noko valg! Dette valget hadde me før. Klart til behandling i Stortinget i 2005 låg sertifikatordninga som hadde gitt oss nok kraft til at me i verste fall kunne ha fått nokon års utsetjing av linja over Hardangerfjorden, i beste fall kanskje me kunne ha unngått heile linja og bevart alle dei flotte fjordarmane våre.

Tilbake i 2005 vart det mest viktig for sosialistane å hindra at private grunneigarar kunne tena pengar på vasskraftutbyggjing, huff-huff. Den kapitalen. Eit argument dei hadde i 2005 var at vannkrafta var ikkje “rein” nok. 4 år seinare er vannkrafta rein nok, plutseleg! I 2005 kom der i praksis ei grense på 3 MW anlegg. Dei innsåg før valget at dei hadde dumme seg ut og snudde, men i praksis fekk me 6 års forseinking av denne viktige form for kapasitetsutviding som Bergensregionen er så avhengig av.

Dette var eit eksempel på sentral (RaudGrøn) styring som ramma oss hardt i Hardanger. På same vis som sentral (RaudGrøn) styring ga oss brua. Ei uøkonomisk unyttig bru samfunnsmessig. Me må gjera dei store beslutningar riktig- då kan me tillata oss masse lokal “velferd” a la denne 5 millioners kraftlinja til staden “der ingen kunne bu”.

Men då skal me ikkje byggja Hardangerbru for 400 bilar når milliarden kunne ha vore brukt på å hindra 400.000 forseinka arbeidsfolk på grunn av utdatert signalanlegg på strekninga Skøyen-Oslo.

Då skal me ikkje bruka ein milliard på å heva ubåten utenfor Fedje men 200 mill og bruka resterande 800 mill på utdanning, forskning, næringsutvikling eller inntektsbringande tiltak.

Men slik er det ikkje når alle skal vera seg sjølv nærmast og ropa “Leve Toten”. Etterpå dekkar fagforeiningane, kakedelarane og særinteressene seg inn under det fine ordet: Solidaritet.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Når Stoltenberg kan spytte inn milliarder etter milliarder i disse huggeselskapene som feller regnskog, for at de ikke skal hugge på tre år, så kan dem se vekk fra disse småpengene dette ville ha kostet her i landet.

Problemet er at disse selskapene som hugger regnskog har brukt pengene til å investere i mye bedre maskiner til å hugge regnskog, i tillegg til at dem har mangedoblet seg på grunn av betalingsvilligheten til Stoltenberg som trodde han skulle bli lagt merke til av verden for sin “innsats” for miljøet. Da trenger Stoltenberg pengene om han skal få lov til å forsatt mate trollet som blir bare større og større.

Gjør han ikke det, er han ansvarlig for en av de største naturkatastrofer i Jordens historie i den senere tid. Tror ikke man skal regne med noe samarbeidsvilje fra et parti som legger ned for fote for å skaffe penger i disse dager. Skoler, sykehus, politi og alt som har med helse og kollektivtrafikk reduseres til beinet og vel så det.

Skuta er kjørt på grunn og det haster for den kjære statsministeren å få seg en ny jobb før han står uten noe som helst. Nå er heldigvis Frp så handlingslammet og løfter ikke en finger for å gjøre noe med problemet fordi Høyre er større enn dem på meningsmålingene, så Stoltenberg har fremdeles tid til å utnytte denne hjelpeløsheten til Frp en stund til ved at han rekker å finne på enda mer tull før noen svinger rattet den andre veien.

Exclamation_desat_24

Smelteverkstomta….
Ja, det overordna for Jens og Ap er jo ikkje kva som er best for nasjonen. Det er å få makta, gjennom å lova mest før valg. Her er paralellen klar til Hardanger, kraftlinjene og for den saks skuld: Smelteverkstomta. Dette er resultatet av særinteressepolitikk. Det er så snevert at ingen ser noko anna enn eigen nasetipp.

Det er berre å bevega seg eit par mil i luftlinje frå Hardanger så er det fokus på å skapa- ikkje på krevja. Det er fokus på å investera- ikkje å skriva brev til Jens og søknader om støtteordningar.

Eg synest litt synd på desse tre initiativtakarane som ville skapa noko på Smelteverkstomta. Mitt råd til dei er: Flytt ut. Bruk energien der de kan få noko anna tilbake enn berre å skalla hovudet i veggen.

Det er noko tafatt over heile Indre Hardanger. Kanskje på tide å sjå litt større enn kva ein skal gjera med ei tomt?

På tide å tenkja litt som sunnmøringen?

Då er eg tilbake til kommunesamanslåingar. Fri til kreative kommunar utenfor Odda/Ullensvang. Idérikdommen veks berre ein kjem seg litt utenfor Sørfjorden. Då kan ein fri til sentralt hald om midlar viss ein kan rasjonalisera vekk nokon kommunehus. Dette er sjølvsagt ikkje mogeleg under RaudGrøn tenkjing, men her ligg så masse urealisert i Hardanger. Me kan dyrka fram den beste frukta i verda, men kva får me ut av det? Ikkje meir enn andre råvareprodusentar i den 3dje verden får ut!

Dette er arven etter den bedritne industri- og streikekulturen frå 70-talet. Dette er arven etter særinteressene sine stå-på-krava haldningar.
Dette er arven etter å ha dreia ord som kapital, investering og nyskapning om til reine skjellsord. Arven etter Senterpartiet som bestod av bønder som tenkte som sjølvstendig næringsdrivande men som vart sosialistar og støttemottakarar i praksis og tanke.

Skal me gå til våre naboar og sei:
Dette har me å tilby!
Kva har de å tilby?
Kan me i fellesskap tenkja nokon større tankar saman?

Exclamation_desat_24

Er veldig enig med deg her, bortsett fra at jeg synes Ullensvang Herad har gjort det meget bra i senere tider. Da tenker jeg f.eks på de statlige arbeidsplassene de har skaffet seg.

Exclamation_desat_24

Nei, her er eg ikkje heilt einig med deg! Desse statlege arbeidsplassane skal også finansierast. Neste generasjon uten oljegevinsten skal også ta del i vår velferd!

I den grad Ullensvang har vore flinke, bør me vel heller bruka Isklar som eksempel- ikkje statlege arbeidsplassar. Bodø er også ein kommune som skryter av at dei er flinke til å grina til seg statlege arbeidsplassar. Men igjen- då er det vel ein annan kommune som ikkje fekk desse arbeidsplassane.

ME ER IKKJE FLINKE NOK HER INNE.

Nei, me er ikkje det. Det er den brutale sanninga. Dette kan ein ta ei offensiv haldning til eller ein kan pleia vidare sutrearven etter faagforeiningane.

Ei offensiv linje kan vera å
-gjera ein god sjølvanalyse på gode og svake sider
-få inn nye kostar og ressursar utenfrå (sjølv vil eg fri til nabokommunane)
-inngå ein kommunesamanslåingsavtale og forhandla ei stor millionpakke i retur
-analysera våre fortrinn
-sjå kva rammevilkår våre fortrinn krev for suksess

Og her har me nokon openbare fortrinn: Natur og dermed turisme, dei beste moreller og plommer i verda samt ein viss industrikultur med internasjonale forgreiningar. Kva meir har me å tilby?

Basert på denne analysen kan ei offensiv linje i neste trinn vera å spørja: Kva produkt kan me laga basert på desse fortrinn?

Å drøyma er viktig. Å ha ein VISJON.

I dag seier folk at no hastar det med å byggja ut Smelteverkstomta. Det er å starta i feil ende. La tomta liggja, gjer ting i riktig rekkjefølgje!

EIN VISJON 20 ÅR FRAM I TID

-det er ikkje så lenge til, omtrent når olja er borte! Ein draum kunne til dømes sjå slik ut:

Ein prosess i åra 2010-2013 hadde ført til samanslåing av 5 kommunar etter vellukka kjøpslåing med den nye statsminister Solberg som då var villig til å fristilla næringsutviklingsmidlar etter modell av 5 Høgrekommunar i Drammensområdet. Høgrekommunar med ei offensiv haldning til å skapa eigne profitable arbeidsplassar som grunnlag for eit godt kommunalt velferdstilbod. Med på kjøpet fekk regionen ein 20-års lovnad om å få behalda Fylkessjukehuset.

Ei av gruppene med ansvar for frukt, hadde fått midlar til å sjå på konservering av gamle plommetypar. Dei hadde vore dristige nok til å levera inn typane Rene Claude og dei små blåplommene til ei kåring av

DEN BESTE FRUKT I VERDA.

Verken meir eller mindre! Her fekk dei ein fantastisk 2. og 3.plass etter vinnaren; pakistansk mango. Grunngjevinga til komitéen var at “due to the unique soil combined with the Scandinavian location, the low temperature allows the fruit to develope complexity combined with balanced acidity and sweetness”.

Oppmuntra av internasjonal omtale bl.a. i eit kinesisk livsstilsmagasin vart det beslutta å etablera ein småskalaproduksjon på hermetisering av Rene Claude med det asiatiske marked som målgruppe. Saman med ein av skulane i den nye kommunen med navnet Hardanger Herad, hadde ein bestemt seg for å etablera kinesisk som 2-årig valgfag på vidaregåande noko som førde til rekruttering frå heile landet. Og ein av kommunane hadde faktisk før samanslåinga gjort ei registrering på etablerte kinesarar i Norge og spesielt appellert til og tilrettelagt for at denne grupperinga ville etablera seg der. Dette som motsats til nabokommunen som ikkje ville ha asylmottak i sitt nærmiljø.

No skjedde ting “fort”. I 2015 vart fruktdyrkarane oppmoda til å satsa meir på desse gamle frukttypane. Fruktlagera på vest- og austsida av Sørfjorden måtte investera i ny teknologi og hadde forlengst funne ut at dei skulle ikkje ha to nye anlegg men eit- plassert heilt riktig og logisk tenkt- i Odda sjølvsagt.

DEN GAMLE SMELTEVERKSTOMTA!

“Berre” 10 år etter fruktkonkurransen skjer det noko.
Det initiativrike kinesiske miljøet i Hardanger herad, har forlengst starta opp ein liten “kjøkenproduksjon” i eit av dei nedlagte kommunehusa. Dei har eit par års tid no hatt ein liten eksport til Kina, og ein begeistra riking har lyst til å investera i ein fabrikk. Problemet er at han vil kjøpa meir enn heile Ullensvang kan produsera og levera! Han vil ha HEILE Smelteverkstomta til å byggja ein konserveringsfabrikk for gamle morelle- og plommetypar!

Folkens, berre ein liten draum dette. Men må det ikkje starta der, med ein draum og litt fabling?
Er det på tide å stå opp og endra kursen litt? Kasta gamalt tankegods på båten? Tankegods som ikkje har anna bidrag enn misunning og parkering av initiativ? Smak litt på denne: Tenk på kva Hardanger kan gi verda- ikkje kva Hardanger kan oppnå av overføringar.

HARDANGERARVEN TIL NESTE GENERASJON:

Me har noko unikt. Dette unike kan relativt kjapt gi oss optimisme, bedriftsetableringar, skatteinntekter og velferd som mottrekk til fallande oljeinntekter.

Det me er i ferd med å gi neste generasjon er gamalt tankegods med resultat arbeidsløyse, kommunal fattigdom og utflytting.

Exclamation_desat_24

“Innbyggerne i Hardanger betaler for 20 års unnlatelsessynder fra politikerne. Kraftnettet er for svakt mange steder.”
Ref. Nationen av 6.juli.
Og me får dei politikarar me velgjer / fortenar.

Etterslepet på vedlikehald av veg og jernbane ser me alle i kvardagen. Likevel prioriterar me bygdelister for ny bru og ordførarar som skaffar oss ny tunell. Kven ville vel gi stemma si til ein politikar som gjekk for vedlikehald?
Det er ikkje sexy nok for Ola og Kari!

Og i Tyssedal gir ein beng i heile kabelen over Granvinsfjorden. Som ingen i Granvin bryr seg om Tyssedølene som må til Odda for å symja.

Alle er opptekne av det som gagnar ein sjølv i kvardagen og ser ikkje lengre enn nasetippen. Solidaritet var det ein Ap-kar som skreiv om her inne…

Exclamation_desat_24

Innledningsvis tok eg feil med denne:
I noverande situasjon er eg FOR kraftlinje over Hardangerfjorden. Fordi me ikkje lenger har noko valg! Dette valget hadde me før. Klart til behandling i Stortinget i 2005 låg sertifikatordninga som hadde gitt oss nok kraft til at me i verste fall kunne ha fått nokon års utsetjing av linja over Hardangerfjorden, i beste fall kanskje me kunne ha unngått heile linja og bevart alle dei flotte fjordarmane våre.

Mitt argument var økonomisk basert og det står ved lag.
Det var også basert på CO2 hensyn, med utgangspunkt i det dei RaudGrøne har fått oss til å tru:
“Gass er dass og El er himmel”. Denne kommentaren skriv eg mens Riis-Johansen er på besøk i Bergen med nye krumspring rundt “sikring av el-forsyning til Bergensregionen”.

Men Bergensregionen kan jo dekkast med gass!
Saka er at me er del av ei heilskap der me har straumkablar frå kontinentet.
Alt heng saman. Om me brukar elektrisitet i Noreg og gass i Holland så er det det totale CO2 utslepp som er det einaste interessante for kloden vår. Om du då ikkje heiter Jens og søkjer internasjonal jobb om 3 år med utgangspunkt i eit lokalt CO2 reknskap for Toten.

SINTEF har rekna ut at ved produksjon av 1 kWh (altså som ei kokeplate i bruk ein times tid belastar)
er utsleppet av CO2 til atmosfæren frå urensa gass frå Mongstad 360 gram. Mens kjøpekraft i kabel frå Europa (gjerne laga av forureinande brunkol) står for eit utslepp som er 50% høgare enn den vederstyggelge gassen vår som me ikkje kan bruka litt av til bergensarane, men uten dårleg samvit senda for brenning i Tyskland!

Me importerar “skitten” energi frå Europa fordi me ikkje kan ta inn den reinare gassen til Bergen med konsekvens at Hardangernaturen må forringast.

Alt dette ut frå følgjande særinteresser:
Eit godt lokalt CO2 reknskap på Toten slik at Jens og Kristin kan få seg ein toppjobb i FN og WHO etterpå. Gjerne med symbolsaker som månelandingsprosjekt i det blå på Mongstad med heilt uviss kostnadsramme og utfall.

Større fokus på eigne interesser har me ikkje sett sidan Opset’n.

Øverst: Eit bilete av ei Monstermast, midt i ein frukthage i Oslo. Aksepterar Oslofolk det året rundt, kan sikkert bergensaren ein kald vinterdag akseptera forsynings"sikring" med kortreist gass.

ps! Energi i sjøkabel gir eit tap på 10-15% i forhold til luftlinje. Nokon som har lyst å rekna på kor masse pengar dette er? Kanskje med ein hestehandel så kunne Hardanger inngå ein avtale med staten der me kunne få halvparten av desse pengane om me går for sjøkabel? Pengar me kunne bruka på langsiktig næringsutvikling som grunnlag for velferd for neste generasjon!

Exclamation_desat_24

Energitapet i ein sjøkabel kan me grovrekna på.

Med overføringskapasitet på 1000 MW, eit 10% tap på sjøkabelalternativet og ein sluttbrukarpris på 50 øre pr kWh, er summane store. Energitapet er då 100.000kW a kr 0,50 i timen eller over 1 mill kr i døgnet. 400 millionar kroner tapt på årsbasis!

I tillegg sparar samfunnet over 2 milliardar på luftspenn samt eit forhold til:
Kapasiteten med monsterluftspenn er 2600 MW, slik at ein har behov for 2 sett sjøkablar.

Tenk om Hardanger kunne ha forhandla seg fram til ein avtale om årleg å få benytta ein andel av denne summen til næringsutvikling? Kva kunne ein ikkje få til av forretningsutvikling med kreativitet og 40 mill årleg?

Exclamation_desat_24

Mens me ventar på å få sutra til oss 2 milliardars sjøkabel, byggjer dei bru til oss. For 2 mrd kr. I Lyngen derimot får dei ikkje midlar til rassikring. Berre 100 mill på landsbasis har me råd til – kva er det?
Skal ein få midlar må ein ha samferdselsministeren på besøk i ei valgkampveke, TV må vera tilstades og ein er avhengig av at samferdselsministeren er RaudGrøn og kjem frå heimfylket.

– Et budsjett på 108 millioner til forebyggjing av skredulykker er latterlig lite. Vi brukte halvparten av det bare på å sikre én skråning i Hatlestad terrasse. Det er helt andre summer som må til. Og dette gjelder ikke bare Bergen, men en rekke kommuner langs hele kysten og i andre deler av landet, sier informasjonsdirektør Robert Rastad i Bergen kommune.
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/%26ndash%3B-Smaapenger-til-rassikring-814536.html

Me i Hardanger har på kort tid fått tunell, bru og snart sjøkabel til mange milliardar. Kva er det neste me skal krevja mens me seier nei til samanslåing av miniputtkommunar, asylmottak og skjemmande kablar lengst inne i perfære fjordarmar?

Pengar som me i valgkamp høyrer kunne gått til
-eldreomsorg (var det ikkje for den borgarleg skattelette til dei rike…)
-betre skule (var det ikkje for denne skatteletta til dei rike…)
-med eit pennestrøk avskriva fattigdomen i Noreg (det var så mange ting som var relatert til denne formuesskatten til dei rike)

Vakna opp!
La oss droppa denne idiotiske planen om sjøkabel inne i Fykse og bruka pengar på
-rassikring
-minesikre bilar til våre soldatar i Afghanistan
-tunell til sjøtrafikken gjennom Stadlandet på værharde dagar
-og kanskje til nokon prosjekt med litt større samfunnsnytte enn ei bru til 500 bilar.
Samt dermed unngå å innløysa krav frå 100 andre kommuner som heller ikkje vil ha Monsterkraftlinje over jordlappen sin.

Som “erstatning” for sjøkabel, la oss forhandla fram nokon midlar til næringsutvikling, bretta opp ermane og starta jobben med å skapa noko for den neste generasjon- det er dei som er ansvarleg for å finansiera og organisera pleien av oss på gamleheimen.
Jens & Co som passar havresekken er med sin både-og politikk i ferd med å underminera dette grunnlaget.

Exclamation_desat_24

No har me skaffa oss bru, tunell og snart sjøkabel.
Kva skal me demonstrera for å få neste?
Det må vel vera mange ting me kan krevja enno?
Mens
1 million stangar i kø for å koma seg på jobb i dei store byane våre,
soldatar stryk med i Afghanistan pga dårleg sikra køyretøy og
me brukar småpengar på rassikring,


la oss gløyma det samfunnsmessig nyttige i at ein løyste milliardtap i form av arbeidstid og derved skattekroner til mange velferdsformål.

Leve Toten!
Me har snart eit tiggarstempel på oss.
Dagbladet skriv i dag om inngrepet brua er, uten ein lokal protest!
Er me i ferd med å dumma oss ut? Er me i ferd me å utvikla ein navlebeskuande kravmentalitet som kjem i vegen for eige ansvar for å utvikla vår region?

http://www.dagbladet.no/2010/10/03/nyheter/innenriks/monstermaster/13667112/

Hardangerfolk

Følgt av 1212 medlemmar.

Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde.

Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden.

[Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona
Origo Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir