Folgefonna Ungdomsfestival
FONNAFEST går av stabelen 27. og 28. juni 2009 i Jondal. Dette er den fyrste og største ungdomsfestivalen i Hardangerregionen, og er arrangert av ungdom i Folgefonnlandsbyen Jondal. Målgruppa er unge i aldersgruppa 14 (8 kl) til 18 år. Folgefonna Ungdomsfestival er eit rusfritt arrangement som har fokus på flotte konsertopplevingar, og varierte og attraktive aktivitetar forankra i lokale attraksjonar.
Konsertar med: PAPERBOYS, Kakkmaddafakka, Gunslingers, The Micropops, Hardanger Society, Anne Valborg + unge lovande band frå heile Hordaland.
Aktivitetar som: Skating, tarmpoliner, volleyball, klatring, xbox/PS3 eller ski/brett på Fonna på eige ansvar.




