Sjøkabel eller rassikring?Du ser tunellen og brukaret (i halvparten av full høgde). Men ser du Monsterkabelen over Hardangerfjorden?
Vist 144 gonger. Følgt av 3 personar. Hardangerfolk
Følgt av 1236 medlemmar.
Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde. Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden. [Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommentarar
Godt poeng!
…vanskeleg å sjå. Den er vel ikkje bygd ennå..:-))
Der kom det ras i Tyssedal igjen.
Tenk om feige-Jens kunne spørja oss: Vil de ha rassikring eller sjøkabel?
Men neidå. Og me i vår høgt utvikla tiggarkultur seier sjølvsagt: Ja Takk! Begge deler! Og gjerne litt til.
Me dummar oss ut slik.
No har me fått tunell, bru og snart sjøkabel. I kveld arrangerar LO protestmøte om sjukehuset. I Tyssedal engasjerar ein seg ikkje om linjer over Hardangerfjorden, seier nei til asylmottak og skal ha symjehall og dyr rassikring.
Hardangerrådet krev 1 mrd. årleg til nasjonal rassikring og trygge fjordvegar, 7,5 m breidde på riksvegane og Oddapakke og nattferjer og høgfartstog og, og, og…
http://www.hardangerraadet.no/vedlegg/Samferdselsplan%20for%20Hardanger%202010%20-2014%20Kortversjon%20utan%20bilete.doc
Men å slå saman nokon fillekommunar og spara litt pengar for samfunnet? Nei, då vert det nok nye protestturar til Oslo.
Leve Toten!
Der kom det eit krav til på 2 mrd kroner. Pensjonistforbundet denne gong. Dei vil ha ein (velfortent) garanti for ansvarleg eldreomsorg. Skulle berre mangla. Kan me ofra ein millimeter her inne i Hardanger? Litt av utsikta lengst inne i ein fjordtarm til dømes? Eller skal me berre køyra på med nye krav?