Viser arkivet for desember, 2009

La oss feire 1000 medlemmer

Det er all grunn til å feire. Hardangerfolk har runda 1000 medlemmer, og har blitt den digitale møtestaden vi håpte den skulle bli for to år sidan då vi starta opp lokalsona. Eg har lovt bort ein alldeles liten kavalkade, og finn dagen i dag, siste dagen i det digitale, nysprengande tiåret, svært passande.

Velkommen til Hardangerfolk sitt opne forum. Her kan du ta fram den kvasse pennen eller den godt gøymde touchmetoden og hamra inn dei innlegga du måtte ønske.
Vi oppmodar likevel om at du lar den kvassaste pennen ligge att i skuffa og held deg til fakta og sakleg debatt. Hugs at du kan registrera deg som talsperson (mann/kvinne) for arbeidsplassen, foreininga du arbeider for.
Vel møtt. Kjør debatt!

Hardangerfolk 10. desember 2007: HF hadde fått oppretta eiga lokalsone, vi i HF hadde tatt runden på kva namn vi skulle ha, laga eit banner med elg (kvifor elg? lurer du kanskje på), hadde 10 medlemmer og var klar for debatt. Kjør debatt!, skreiv eg og håpte det ville gjera susen.

Målsettinga var å få 200 folk frå Hardanger til å melde seg inn i løpet av 2008. Etter to månader kunne vi skrive om Folkvord som medlem 187 og første ordførar på Hardangerfolk. Folk skreiv så mange interessante innlegg, tok så mange gode bilde og preika så bra saman, at eg kom heim til ei alldeles strålande telefonrekning etter to veker på telefonsurfing på Hardangerfolk frå stranda i Thailand.

Vi klarte altså sakte, men sikkert, å byggja opp Hardangerfolk til å bli ein bra stad for debatt. Det viktigaste erfaringane etter to år og 1000 medlemmer, er at det er ikkje berre å seie kjør debatt og tru at det er det. Ein må vera til stades og delta. Gi litt sjølv, og få enda meir tilbake. Folk spør meg no, er det noko liv på Hardangerfolk no då? Er det ikkje berre krangling? Eg meiner ikkje det, det er framleis mykje godt her, men når folk ikkje tenker seg om og bruker Hardangerfolk og andre soner til å alltid klaga, alltid sutra og aldri bidra med noko positivit og konstruktivt, må dei få beskjed om å roa seg litt ned.

Kjekkast har det vore når engasjementet til Hardingane på nettet har samspelt med papiravisa, når vi har diskutert på Hardangerfolk og laga journalistikk på det i Hardanger Folkeblad. Det trur eg også er ei god oppskrift for framtidig bruk av Hardangerfolk. Kavalkadar treng oppsummeringar. Etter to år er det dette eg hugsar best:

Hiv deg gjerne på med eigne beste minner frå dei første to åra til Hardangerfolk. Hugsar du ein djevelsk bra kommentar, bilde eller innlegg? Har eg gått glipp av noko? La meg seie som eg sa i desember 2007: kjør debatt!

  • THAILAND 012
  • THAILAND 028

HFs julekalender 2009

HFs julekalender 2009

Forbud mot nyttårs-raketter

Er du for eller mot rakett-forbudet?

Hòyt henger den og svimlenede er den, restauranten som henger i fjellveggen med 400 meter fritt fall ned til Gardasjòen..PS. Ved toalettbesòk:Si fra hvor du gàr ! Om det er noen som ònsker à teste menyen, er det bare à ta kontakt med undertegnede.
Jeg ordner resten !

  • THAILAND 018
  • THAILAND 007
  • JULEGUDSTJENESTE
  • THAILAND 029
  • THAILAND
  • THAILAND 032
  • THAILAND 037

HFs julekalender 2009

HFs julekalender 2009